Tilbake til alle arrangementer

Linedance show

Stryn linedance_web.jpg

I 20 år har ein gjeng danseglade damer møttes ein fast dag i veka i felles glede over å danse. Dette skal feirast, og dei har difor invitert andre dansarar frå fjern og nær til ei helg fylt av dans. Feiringa vert avslutta søndag med danseoppvisning på takterrassen på Hoven. Dei gler seg til å vise fram kor kjekt det er med dans, og ikkje minst vise gjestane sine kva Stryn har å by på.

Om Stryn Linedance

Stryn linedance har i dag om lag 30 medlemmar med eit alderspenn frå 12-75 år. Danseforma passar for alle; unge, gamle, spreke og ikkje fullt så spreke, kvinner og menn. I linedance vert det laga dansar med ulik vanskegrad. Det vert laga dansar i alle sjangre som cha-cha, jive, tango, vals, og charleston til både tradisjonell dansemusikk og moderne pop og rock.

Forrige
Forrige
7. september

Konsert med Hilde Selvikvåg

Neste
Neste
20. september

Oktoberfest Stryn