Årets store fest Oktoberfest Stryn skjer 20.-21. september, og i den forbindelse inviterer vi til både vorspiel og restitusjon i frisk fjelluft.
NB! Alle med gyldig billett til Oktoberfest Stryn får 20% rabatt på tur/retur billettar fredag, laurdag og søndag! Vis bandet når du kjøper billett i billettluka.
Fredag: Vorspiel med Hofbrauhaus Show
Hofbrauhaus Show, som inntil nylig var fast husband på verdens mest kjente taverna i Munchen, tok turen til Oktoberfest Stryn for fyrste gong i fjor. I år kjem dei igjen, og før konserten i “Bierstube” i Stryn fredag kveld varmar dei opp med ein minikonsert på Hoven kl 19:00.
Dei omtalar seg sjølv som ein bayersk godbit - «Gemutlichkeit» i ordets rette forstand. Frå scena fløymer musikalske delikatesser ut, i henhold til den ekte, bayerske oppskriften, pynta med godt humør og servert på en livleg måte. Godbitane spenner frå internasjonale hits til typisk Oktoberfest-stimmung. I dag reiser bandet verda rundt for å underhalde og bringe den riktige Oktoberfest-stemninga ut til folket.
Laurdag: Vorspiel med Tresfjord Janitsjar
Tresfjord Janitsjar sørger for god stemning, liv og røre og pur ompamusikk laurdag frå kl 15:30, og vil spele innimellom fram til ca kl 18:00.
Hoven Restaurant & Bar
Utan mat og drikke, duger helten ikkje.
Hofbrauhaus show