Loen Active inviterer til guida trugetur for heile familien på Hoven 21., 23. og 25. februar. Vi går ein roleg tur frå fjellstasjonen og utover i fjellet - heile tida med fantastisk utsikt over fjordlandskapet.
Du kan leige truger i fjellbutikken. Om du treng vinterbekledning kan du også leige dette i fjellbutikken. Merk at du då bør møte opp i god tid før turen startar kl 12:00.
Guidinga er gratis.
Etter trugeturen returnerer du til fjordnivå når du sjølv ynskjer. Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18, og baren er open til kl 19. Siste bane ned denne dagen er kl 19:30.
Finn ut meir om vinterferien i Loen
Smittevern
Loen Skylift føl nasjonale og kommunale retningslinjer og vil ha eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Les meir.