Trugetur
Truger er ein flott måte å oppleve vinterlandskapet på, og dette er noko alle greier. Loen Active tilbyr trugeturar med guide på Hoven. Opplev fantastisk utsikt til fjord og fjell medan du vandrar i eit snødekt landskap. Der er mange moglege ruter, og våre erfarne guidar tilpassar turen til vêret og nivået på deltakarane. Etter turen kan du kose deg i Hoven Restaurant - kanskje med ein kopp varm kakao, og eit godt måltid.
Leige truger?
Dersom du vil gå på eiga hand kan du leige truger hos Loen Active. Bestill online, og hent trugene etter avtale. Du kan også henvende deg i Fjordshop i Loen Skylift sine opningstider, eller ta kontakt med banetilsette på toppen for å leige truger (betaling med Vipps).
Sesong: Desember-Mai (avhengig av snøforholda)
PRIS
Vaksne: Inntil 4 timar: NOK 300 / per dag: NOK 400
Prisen inkluderer truger og stavar.
Born (3-9 år/ 13-36 kg): NOK 100
Treng du vinterbekledning?
Loen Active fjellbutikk leiger ut vinterdressar og vintersko.
Pris : NOK 200 per dag. Les meir her.
Tel. 57 87 58 00 eller post@loenactive.no