
Vintervandring
Ta beina fatt i vinterfjellet på ein av stiane frå Hoven. Etter ver og føreforhold køyrer vi opp løyper som er fine å gå i. Sjå oppdatert informasjon om oppkøyrde løyper her. Løypene er markert med stikker. Ta gjerne med deg skibriller og stavar på turen. Om løypene ikkje er køyrde er truger eit supert alternativ.
Hoven - Skredfjellet
Turen er 2 km kvar veg, og har ei fantastisk utsikt mot fjorden og fjella i indre Nordfjord. Turen kan kombinerast med Gjølrunden (dersom denne er open).
Gjølrunden
Ein fin rundtur rett nord for Loen Skylift, til varden og utsiktspunktet på Rognehaugen. Du kan fortsetje turen lenger mot Skredfjellet om du ynskjer det. Forholda er veravhengig, så ta kontakt med dei tilsette for å sjekke om løypa er open.
Utsikt frå Skredfjellet
Vintervandringsruter på Hoven. Klikk for å forstørre.