Loen Active inviterer til guida trugetur for heile familien på Hoven. Vi går ein roleg tur frå fjellstasjonen og utover i fjellet - heile tida med fantastisk utsikt over fjordlandskapet.
Du kan leige truger i fjellbutikken. Om du treng vinterbekledning kan du også leige dette i fjellbutikken. Merk at du då bør møte opp i god tid før turen startar kl 12:00.
Guidinga er gratis.
Etter trugeturen returnerer du til fjordnivå når du sjølv ynskjer. Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18, og baren er open til kl 19. Siste bane ned denne dagen er kl 19:30.
Smittevern
Loen Skylift føl nasjonale og kommunale retningslinjer og vil ha eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Gjestar og tilsette skal føle at det er godt og trygt både å besøke og jobbe hos oss. Les meir.