Vinter i Loen
Nye og spektakulære Loen Skylift gjev deg Norges lettaste topptur - til vinteren på Hoven, 1011 m.o.h. Det er her eventyret ventar på deg - på kjelke ned Norges lengste akebakke, til fots i preparerte løyper, på truger eller på ski. Nyt eit gourmetmåltid og slapp av, og tilbring deretter natta på eit av Norges beste hotell ved foten av fjellet. Og Loen er den perfekte basen for å oppleve dagsturar til Alpepass skisentra, Geiranger m.m.
Vinteropplevingar
Om vinteren kan du gå på topptur, trugetur eller på kjelke i Norges lengste akebakke. Toppturentusiastane sparar 1000 høgdemeter og kan starte på høgfjellet med friske bein. Gå på tur i preparerte vandreløyper, og utpå vinteren lagar vi langrennspor om forholda ligg til rette.
Mat og drikke
Gourmetmat vert laga 1011 meter over fjorden, inst ved Jostedalsbreen. I en restaurant som ut av ein James Bond-film - heilt på kanten av stupet mot fjorden. Ingrediensene er for det meste lokale, og det same gjeld drikkevarene: eplejuice fra bygda ved foten av fjellet, 5000 år gamalt vatn fra den mektige Jostedalsbreen og Odins eige øl. Om du er gjest på Hotel Alexandra kan du nyte den kjende buffeten eller kveldens tre-retters meny.
Bu komfortabelt
Bu komfortabelt medan du utforskar fjordane i vinter. Du finn eit av Norges beste hoteller ved foten av Hoven. Imponerande frukost- og middagsbuffeer, ein à la carte-restaurant og tilgong til oppvarma innandørs- og utandørsbassenger inkludert.
Kome hit
LOEN SKYLIFT
Fjordvegen 1011, 6789 LOEN, NORWAY
Tel. +47 57 87 59 00 | post@loenskylift.no